Berekraft på ramme alvor

Hugsar nokon klimakrisa? I fjor og til og med februar gav «bærekraft» frå 11 til 13 000 treff per månad i Atekst, i mars 2020 berre 8000. Så heit var klimadebatten at «Bibliotekaren» valde å lage dette temanummeret om klimarelatert berekraft og om kva biblioteket kan gjere med saka. Nummeret var nok planlagt lenge før koronaen og kan i dag verke nærmast som ei avsporing. Men det er samanhengar her.

Tekst: Anders Ericson, frilansjournalist

Om biblioteka ikkje blir heilt vengeklipte i dei komande lokale budsjettdebattane, kan perioden under og etter koronaen bli eit spennande laboratorium for utvikling av nye metodar og offensive strategiar for kunnskapsformidling. Det biblioteka lærer i ein slik ekstremsituasjon, kan dei overføre til andre store og små samfunnsspørsmål som dei bør ta tak i.

Folkebiblioteka har ein lang tradisjon for å bidra til kunnskap. Utanom religiøs litteratur var på 1800-talet faglitteratur og praktiske handbøker vanlegare enn skjønnlitteratur. Og i litt skiftande innpakningar var folkeopplysing ein sentral berebjelke for folkebiblioteket, fram til Google fekk oss, også bibliotekarar, til å tru at folk var blitt sjølvhjelpne med informasjon og kunnskap for all framtid.

Vi må sjølvsagt håpe at det ikkje blir ein regelrett resesjon etter koronaen og at den offentlege økonomien ikkje blir så rasert som nokre har frykta, som til dømes analytikarar i KS her i landet og direktøren for IMF internasjonalt. Men ein skal ikkje lenger enn til England for å oppleve ei alvorleg krise på tiande året, der biblioteka er blitt dei store taparane i konkurransen med kommunal helse, omsorg og skole, og der det er blitt daglegdags med nedleggingar, konkurranseutsetting og erstatning av fagfolk med frivillige amatørar.

Der har aktivistane gjort det klart: Der krisebiblioteka berre dekkjer folks behov for tidtrøyte (leisure), er dei dødsdømde. Biblioteket må vinne tilbake rolla også som kunnskapsformidlar.

Og alt på nokre få veker har bibliotekmiljøet her i landet vist seg kreativt og ope for endringar. Eit aldri så lite gjennombrot har, gjennom god marknadsføring, funne stad for det digitale tilbodet, og mange tidlegare ikkje- eller sjeldan-brukarar veit i dag meir om folkebiblioteket enn før koronaen.

Så må vi førebu neste steg i forsvarskampen. Då må vi sjå på ulike scenario og våge å tenkje dristig. Her er nokre idear som blir drøfta i inn- og utland (sjansen til å få gjennomført det enkelte tiltaket nedanfor vil variere etter kor svekka samfunnet, infrastrukturen og demokratiet blir):

Vi må slåst for at dei ekstraordinære «frisleppa» av kunnskapskjelder, med eller utan krisepakkefinansiering, blir permanente, gjennom utvida statleg vederlag til forfattarar og støtte til viktige forlag.

Bibliotekfeltet bør no omsider samle og sikre alt seriøst ope tilgjengeleg materiale (OA), både forskingsmateriale og anna, og gjere det tilgjengeleg éin stad, noko det ikkje er i dag.

For blant anna å sikre dette har finske Mikael Böök foreslått ei eiga internasjonal bibliotek-sky, ut frå at vi ikkje kan stole på dei kommersielle verken når det gjeld personvern eller uavhengighet av styresmakter. Og når det gjeld økonomisk soliditet.

Bibliotektypane må samarbeide mykje nærmare, til dømes om strategisk viktige kunnskapsportalar både for fagfolk og folk flest, utvikla etter bibliotekprinsipp, altså uavhengig av politiske og andre omsyn. Eit førebilde her er Helsebiblioteket.no.

Det same gjeld digitale, nettverksbaserte referansetenester, som den nedlagde «Biblioteksvar». Fram til 2012 deltok 250 norske bibliotekarar frå 60 bibliotek i dette. Slike tenester har overlevd i dei andre nordiske landa.

Bibliotekarar må gå føre i forsvaret av nett-nøytralitet og mot alle formar for sensur og andre anti-demokratiske idear som kjem til å vekse fram.

Alliansar må byggjast med personar og grupper som i korona-prosessen har fått auga opp for kor sårbar kunnskapen kan vere framover. Og som ser samanhengen mellom fri tilgang til kunnskap og eit reelt demokrati.

 

Artikkelen er publisert i Bibliotekaren 1/2 2020.