Åpent brev til ordføreren i Seljord
Bibliotekarforbundet og Norsk Bibliotekforening har sendt et åpent brev til Seljord kommune angående prosessen rundt ansettelse av ny biblioteksjef i kommunen. Brevet ble sendt 7. februar 2022. Les det i sin helhet under.
Kritikk av prosessen ved tilsetjing av ny biblioteksjef i Seljord
Norsk Bibliotekforening og Bibliotekarforbundet ønskjer å kommentere prosessen rundt tilsetjing av ny biblioteksjef i Seljord.
Norsk Bibliotekforening er ein interesseorganisasjon for bibliotek, med både bibliotek, organisasjonar og enkeltpersonar som medlem. Bibliotekarforbundet er eit fagforbund for bibliotekutdanna i alle sektorar.
Vi vil kritisere tilsetjingsprosessen i Seljord. Ved 2. utlysing var det fleire kvalifiserte søkjarar, og likevel valde kommunen å tilsetje ein person utan bibliotekfagleg utdanning. Etter vår meining er dette i strid med forskrifta til Lov om folkebibliotek, som definerer kvalifikasjonskravet til dette:
«a) bachelor- eller høyere grad med minst 120 studiepoeng i bibliotekspesifikke fag
b) bachelor- eller høyere grad med minst 60 studiepoeng i bibliotekspesifikk påbygning
c) tilsvarende utdanning.»
Vi meiner òg det er kritikkverdig at den som fekk stillinga ikkje stod på søkjarlista, og dermed ikkje på ei utvida søkjarliste som dei andre søkjarane kan bruke i vurderinga av kva dei skal gjera no i ettertid.
Ved tilsetjingar i offentleg stilling skal ein følgje kvalifikasjonsprinsippet. Vi stiller spørsmålsteikn ved korleis kommunen kan hevde at dette er ivareteke når ein ikkje har gjennomført ein fullverdig tilsetjingsprosess.
Vi ser i avisoppslag at kommunedirektøren meiner at Nasjonalbiblioteket har godkjent utdanninga til vedkomande som no er tilsett som «tilsvarande utdanning». Det stemmer ikkje. Nasjonalbiblioteket har berre registrert at kommunen har gjort den vurderinga kommunen har gjort. Då har ikkje Nasjonalbiblioteket mynde til å krevje eller vurdere utdanninga. Når kommunen ikkje sender ein søknad om dispensasjon, kan ikkje Nasjonalbiblioteket gå inn og vurdere utdanninga. Påstanden om at handlemåten til kommunedirektøren er godkjent er altså feil.
Vi vil òg vise til Sivilombodet, som har handsama ei særs tilsvarande sak i 2014, rett etter at den nye lova var sett i verk. Der var den som fekk jobben utdanna innanfor mellom anna litteraturfag, og kommunen argumenterte med at dette gjekk under «tilsvarande utdanning». Der sa Sivilombodet at nei, bibliotekfag er noko anna enn litteraturfag. Sjå òg https://www.sivilombudet.no/uttalelser/tilsetting-av-biblioteksjef/
Vi er gjort merksam på at frå 1. mars vil det ikkje vera tilsette med bibliotekfagleg kompetanse på biblioteket. Det er urovekkjande, uavhengig av tilsetjingsprosessen rundt biblioteksjefen.
Bibliotekfagleg kompetanse er grunnleggjande for at samfunnsoppdraget skal kunne løysast. Informasjonssøking, kunnskapsorganisering, digital kompetanse og formidling med brukarfokus er bibliotekfagleg kjernekompetanse. Det er viktig at ein biblioteksjef evnar å tenkje strategisk rundt bibliotekutvikling og biblioteket si rolle som samfunnsaktør, og at biblioteket blir sett inn i ein nasjonal samanheng. Dette blir òg framheva i forarbeidet til lova om folkebibliotek.
Tilsetjinga er gjort, og vi vil understreke at dette ikkje er ein kritikk av personen som fekk stillinga. Dette er kommunen som arbeidsgjevar og bibliotekeigar sitt ansvar. Vi vil oppmode om at dei andre som brukte tid og krefter på å søkje på nytt får ei orsaking frå Seljord kommune. Vi ønskjer den nye biblioteksjefen lukke til i den nye jobben.
Beste helsing
NORSK BIBLIOTEKFORENING
Vidar Lund /s/ Leiar
BIBLIOTEKARFORBUNDET
Veronicha Angell Bergli /s/ forbundsleiar