Kulturrådet vil gjøre e-bøker til en permanent del av innkjøpsordninga
Norsk Bibliotekforening og Bibliotekarforbundet er særs nøgde med at Kulturrådet vil gå inn for å gjere ordninga med e-bøker i innkjøpsordninga permanent. Vi håper også at vi vil sjå ei ytterlegare utviding av den same ordninga. Det er vidare ønskeleg at etterkvart fleire sjangerar blir omfatta av innkjøpsordninga for e-bøker.
Det er gledeleg at Norsk Kulturråd no også ser det som viktig å betre tilgangen til e-bøker for barn og unge, og vidare er vi glade for at Forleggerforeininga støttar forslaget. Ei permanent vidareføring av ordninga gjer at biblioteka stadfestar sin posisjon som ein tydeleg og framtredande aktør i det litterære krinslaupet, ikkje berre som utlånar av e-bøker, men også som ein viktig og stor innkjøpar av e-bøker.
Biblioteka er ein aktør for å motverke det stadig større digitale skiljet i befolkninga. 45% av dei som les e-bøker i dag hadde ikkje gjort det før dei kunne låne e-bøker på biblioteket*. For biblioteka har alltid innhald vore viktigare enn form, det har vi ein sterk tradisjon for gjennom lang tid. Derfor er det naturleg for oss at e-bøker er ein del av vårt publikumstilbod.
Vi ser også at når biblioteka får ein framtredande posisjon med sitt e-bokutlån, så er vi med på å auke mangfaldet i det som blir utlånt. Spreiinga på titlar er stor, det er langt frå berre bestseljarar som står for omlaupstala. Undersøkingar viser også at dei fleste som låner e-bøker er eldre enn dei som kjøper e-bøker, derfor er det vanskeleg å sjå at biblioteka er ein konkurrent til den kommersielle salsmarknaden. Biblioteka bidreg til formidling av mangfaldet, samstundes som vi i eit språkpolitisk perspektiv er med på å halde norsk skjønnlitteratur i norsk språkdrakt levande, også i elektronisk form.
Kontakt:
Margunn Haugland
leiar av Bibliotekarforbundet
(tlf 990 14 419)
Mariann Schjeide
leiar av Norsk Bibliotekforening
(tlf 415 44 647)
* Opplysningen er hentet fra den interne Perceptor-rapporten, på bestilling fra Bokdatabasen, der man har stilt spørsmål om ebokvaner til registrerte brukere av eBokBib ved norske bibliotek.