«Vafan – det finns ju ljus!»

Kjellaug Bjerkli Haarberg har vært på Nordisk barnebokkonferanse og høyrt Stockholms biblioteksjef Katti Hoflin sjå forbi alt det trasige i verda: - Vafan, det finns ju ljus! Ho peikar på alle som framleis oppsøker bøkene, som vert bokslukarar heller enn boksluttarar. Litteraturen finst som ei støtte "när man är under konstruktion".

Det er trange tider i kommune-Norge, og ikkje mykje pengar til å reisa ut og læra ting. I år var eg og Haugesund folkebibliotek heldige – eg fekk stipend frå BF til å dra på NBBK i Stavanger!

Etter 18 år i folkebiblioteksektoren har eg etter kvart vore på mange litteraturkonferansar. Det kan vera både kjekt og frustrerande – kjekt med nye perspektiv og ny lærdom, frustrerande dei gongene ein opplever at det teoretiske får så stor plass at ein misser kontakten med og relevansen for praksisfeltet.

NBBK 2017 var ei særs positiv oppleving for ein garva konferansedeltakar, for her hadde ein funne ein veldig god balanse mellom teori og praksis. Nesten kvart einaste programinnslag gav meg tankar, idéar og innsikt som kunne overførast til arbeidskvardagen på ei mellomstor barne- og ungdomsavdeling.

Katti Hoflin - Foto Mattias P. Dahlqvist copyright Stockholms stadsbibliotek

Litteraturen finst som ei støtte “när man är under konstruktion”, sa biblioteksjef Katti Hoflin ved Stockholms stadsbibliotek. (Foto: Mattias P. Dahlqvist)

Det starta med Katti Hoflin (stadsbibliotekarie, Stockholms stadsbibliotek) si fyndige innleiing av konferansen. Midt i alt det trasige i verda, nedskjeringar og kriser og Trump – «Vafan,» sa Katti, «det finns ju ljus!» Ljoset er i alle som framleis oppsøker bøkene, som vert bokslukarar heller enn boksluttarar. Bibliotekarane finst, og dei formidler litteraturen til dei som treng den mest, barn og unge. Litteraturen finst som ei støtte “när man är under konstruktion”, den kan gi håp, attkjenning og empati med andre.

Gjennom heile konferansen fekk me samtaler med forfattarar og illustratørar. Først ute på tirsdagen var Arnar Már Arngrímsson, som snakka om boka si “Sölvasaga unglings” (Nordisk Råds litteraturpris b/u 2016). Særleg interessant var det han fortalde om sogelitteraturen som ei samlande kraft i den islandske identiteten, også i vår tid. Ulf Stark og Linda Bondestam skildra samarbeidet sitt om å laga levande, empatiske og utforskande biletbøker. Johan Unenge og Måns Gahrton fortalde om møte med svenske skuleelevar i arbeidet med ei nyskriving av bøkene om Eva og Adam – med spørjeskjema og klassesamtaler for å finna ut kva som er å vera “ung i dag”. Slik ser det ut å ta lesarar på alvor! Entusiasme og gode intervju/diskusjonar på konferansescenen gjev inspirasjon til oss formidlarar.

Virtuelle og visuelle bibliotek
Etter dette hamna eg, saman med omtrent heile resten av konferansen, på panelsamtalen “Virtuelle og visuelle bibliotek” der Biblo Tøyen, 10-13 Stockholm og biblo.dk var på plass. To bibliotekrom dedikerte til tweens/yngre ungdom og ein nettressurs for danske bibliotek. Det er skrive eit tonn artiklar om desse nye bibliotekromma berre for ungdom, så eg skal ikkje gå inn i det, men konstaterer at sjølv på stader der budsjetta er små og lokala trange bør ein merka seg hovudsaka her: Unge folk vil ha stader å vera i fred. Dei treng trygge vaksne, men dei ynskjer ikkje all verda av lesesirklar og opplegg. Det viktigaste du kan gjera for ungdomane på biblioteket er å gje dei ein krok å forsvinna i. “Et tredje sted” utanom familie og skole, ein fristad frå aktivitetssamfunnet.

Neste konferanse som inviterer Biblo Tøyen bør satsa på hovedsalen og ikkje eit grupperom, for her er det mange som vil høyra. Eg håper det fører til at like mange dreg heim og tenker på korleis dei kan omsetja tanken om ein tredje stad til sitt lokalsamfunn.

NBBK Foto Kjellaug Bjerkli Haarberg

Karakterar i ungdomslitteraturen – i kraft av å vera nettopp ungdom – kan fungera som “truthsayers”, sannseiarar for samfunnet, i følge Meg Rosoff. (Foto: Kjellaug Bjerkli Haarberg)

Forfattarfyrverkeri
Onsdagen starta med Meg Rosoff, eit forfattarfyrverkeri som fylte notatboka mi med tre sider av fyndige sitat om å skriva, om at å veksa opp er eit livslangt prosjekt og om relasjonen mellom ungdom og foreldre. Eit viktig emne var korleis karakterar i ungdomslitteraturen – i kraft av å vera nettopp ungdom – kan fungera som “truthsayers”, sannseiarar for samfunnet:

“YA characters are unbound by the conventions, they are in a more truthful state because not yet fully understanding the rules of personhood. (…) Growing up you learn not to ask the wrong questions. Right now in society we are reverting to a terrible playground where no one plays by the rules anymore. Bullying has moved from playgrounds and schoolyards into everyday society. (…) Maybe understanding children is more necessary than ever.”

Temaet om litteraturen som vitne og sannseiar gjekk vidare inn i panelsamtalen “Krig og flukt i barne- og ungdomslitteratur” med Janne Teller, Pija Lindenbaum og Tyra Theodora Tronstad i samtale med Dag Larsen. Dei tre forfattarane deler ein klar ambisjon om å få lesaren til å gå inn i ei anna livserfaring og leva med i ein krigssituasjon – Teller og Tronstad for ungdom, Lindenbaum i ei biletbok for små barn. Alle tre understreka at ein måtte ta utgangspunkt i fakta og research, vera sann og ærlig og finna fram til det allmenne i einskilde personar si historie. Konklusjonane må lesaren finna fram til sjølv.

Når barn og unge møter litteratur som tek dei på alvor kan dei finna trøyst, identifikasjon, nye spørsmål og store tankar. Men desse bøkene er ofte ikkje dei som “går av seg sjølv” på ei bibliotekhylle. Dei treng ein aktiv formidlar som kjenner både samlinga og lesarane godt, og dei treng ei konsentrert lesing.

Barnebokbad
Då er me over i den siste programposten eg fekk med meg, “Barnebokbad” med Vilde Kamfjord og Pål Brekke Indregaard. Her fekk me presentert ein metodikk for å jobba med samlesing og forfattarbesøk – laga for skuleklassar, men eg trur mange i publikum såg for seg andre grupper det kunne vidareutviklast for. Me fekk høyra og sjå eksempel frå eit litteraturopplegg der lesarane sjølve står i sentrum og arbeider seg inn i teksten frå mange vinklar. Kombinasjonen av høgtlesing, gruppesamtale og scene virker perfekt for ein generasjon diskusjonsglade barn oppfostra på talentshow, som òg treng rolige pausar der dei tek imot ei forteljing på “gamlemåten”. Eg gler meg alt til å finna måtar å bruka slike bokbad i folkebiblioteket!

Det eg vil sei med denne korte rapporten er at NBBK 2017 gjorde nett det ein konferanse skal. Den fekk meg til å skriva notat på fire ulike språk, så fort at dei må tolkast etterpå. Den gav meg lyst til å dra heim og jobba! Og den gjorde meg stolt av å vera ein del av den kvardagslege, naudsynte, umisselege litteraturformidlinga i biblioteket – den som støtter dei som er under konstruksjon og hjelper så mange viktige stemmer ut.