Den store samtalen om barnebøker

Kan ei bok fungere som lettlest for barn, men vere for kompleks for vaksne? Er det tett samarbeid mellom forfattar og illustratør? Stig Elvis gir smakebitar frå dei mange samtalane under årets Nordisk barnebokkonferanse i Stavanger.

Stig Elvis Furset

Stig Elvis Furset er bibliotekrådgiver ved Buskerud fylkesbibliotek. (Foto: Privat)

I fagmiljøet rundt barne- og ungdomslitteratur er «Stavanger-konferansen» blitt eit begrep, og i år valfarta over 400 til oljebyen for å oppleve to fullpakka dagar med påfyll og inspirasjon, mingling og fest. I år hadde konferansen temaet «Den visuelle vending», så det var forventa at fokuset kom til å liggje på biletbøker og illustratørar, med ein liten sving innom film og teikneseriar. Og vi som var der fekk det vi kom for, berre så det er sagt. Men eg skal vere så lite pedagogisk at eg startar ut med det eg var kritisk til.

For det første som slo meg då flyet letta frå Sola flyplass etter siste konferansedagen var at konferansen kunne vunne på å variere meir i formidlingsforma. For så og seie alle innslag var forma som ein samtale? Og når enkelte av samtalene vart vel prega av koseprat, språkbarrierer eller at deltakarane umuleg kunne ha snakka med kvarandre på førehand, så var det ikkje fritt for at eg innimellom ønskte meg tilbake til PP-presentasjonens gullalder.

Men ei som fekk stå åleine på podiet var Stockholms Stadsbibliotek sin sjef, Katti Hoflin. I si opningshelsing peikte ho på noko som alle barne- og ungdomsbibliotekarar veit: Born og unge i dag leser! Og biblioteket er det mest populære fritidstilbodet for både tweens og teens! Men etter henne vart biblioteksfeltet stort sett henvist til rolla som publikum, der vi derimot var i stort fleirtal. Når ein tenkjer på den nærkontakten som feltet vårt har med målgruppa i kvar opne time, så var det påfallande at representasjonen vår i dei ulike panela var liten eller ikkje-eksisterande. Årets konferanse vart, for meg som bibliotekar og formidlar, i overkant verks- og forfattartung. Å høyre om «hvordan det er å være forfatter- og illustratør» nådde i så måte sitt endelege metningspunkt under programposten «Supersøstre». Der kunne søskenpara Kanstad Johnsen frå Noreg og Adbåge frå Sverige opplyse om at dei sendte utkast til kvarandre, og at det var trygt å få tilbakemeldingar frå nokon i nær slekt og innanfor same profesjon. Det er knapt nokon sensasjon. Men er det fagleg relevant? Er det interessant for dei lesande ungane der ute? Kan eg bruke det til noko?

NBBK 2017-b Foto John Rodger

Fra Nordisk barnebokkonferanse 2017 i Stavanger. (Foto: John Rodger)

Forfatter og illustratør
Slik! No skal eg slutte å klage og sutre. For eg greier også å glede meg over eit godt forfattar- og kunstnarmøte. Som når svenske Ulf Stark og finske Linda Bondestam fortalde om å samarbeide på tvers av landsgrensene. Skulle vi tru den verbalt slagkraftige Stark var sjølve samarbeidet ikkje rare greiene. For på spørsmålet «Hur jobbar du med illustratören?» kom det kontant: «Inte alls!» Sjølv om svaret ikkje var utan modifikasjonar, så peikar sjølve spørsmålet på ei utbreidt oppfatning om at samspelet mellom forfattar og illustratør er tett i utforminga av biletbøker. Oftast er ikkje det tilfelle. I bøkene Stark og Bondestam har gitt ut er Bondestam den som «overtar» forteljinga etter at manuset er kome frå Stark. Hennar val avgjer kva forteljinga handlar om. I boka «Diktatoren» er det først gjennom illustrasjonane det kjem fram at det handlar om ein Pippi-figur på vranga: curlingbarnet.

Samtalen kom også inn på omgrepet «allalderslitteratur». I boka «Min egen lilla liten» har Stark og Bondestam til dømes leika seg med Platons hulelikning. Men utan at målsetjinga er å leggje inn ei spesifikk vaksenreferanse. På spørsmål om dette frå moderator Erik Titusson svarte Stark med eit nytt spørsmål: «Hur många vuxna läser Staten av Platon?». Eg har meir enn ein gong tenkt at både forlag, forfattarar og illustratørar gøymer seg bak allaldersomgrepet for å komme inn under innkjøpsordninga for barn og unge, som genererer fleire innkjøpte eksemplar. Den positive konsekvensen av dette er at vi har ein visuell litteratur som sprenger grenser tematisk. Den negative konsekvensen er at den stundom er meir oppteken av seg sjølv som kunst og konsept enn av å kommunisere til barn og unge. Problemet kom eksplisitt til uttrykk då professor Hilde Kramer i ein anna samtale på konferansen, viss eg oppfatta henne rett, fortalde at ho sa til studentane sine: «Viss ikke dere skal lese billedbøker, hvem skal gjøre det da?». Nei, sei det. Kidsa, kanskje?

NBBK 2017-a Foto John Rodger

Fra Nordisk barnebokkonferanse 2017 i Stavanger. (Foto: John Rodger)

Bøker uten tekst
Liknande problemstillingar prega også programposten kalt «Ordløse bildebøker». Fleire forlag har i det siste, gjerne i samarbeid med Leser søker bok, utgitt biletbøker utan tekst. Ettersom eg har forstått er ei av målsetjingane å skape mestringskjensle hos lesesvake. Kristoffer Kjølberg presenterte boka «Pokalen», som er ei teikneserieaktig spenningsforteljing med eit tydeleg narrativ. Mari Kanstad Johnsen presenterte «Jeg rømmer», som er inspirert av animasjon, der ho såg for seg kvart oppslag som scener i ein film. Men mest interessant var det å høyre Lene Ask fortelje om sine erfaringar under skapinga av boka «Du» (som vart «nulla» av innkjøpsordninga i haust). Ask er ein av stadig fleire illustratørar som også skriver sjølv (eit vekselbruk som sjeldan går andre vegen). Under arbeidet med «Du» oppdaga ho at ho var meir tekstbasert, eller meir forfattar om ein vil, enn ho først trudde. For forteljinga var først nedskrive som tekst. Når den så skulle inn i eit visuelt format med ei teikning på kvar side, og ho heller ikkje hadde mulighet til å bruke teikneserien sitt ruteformat, starta vanskane. Ho måtte tenkje dramaturgi på ein heilt anna måte enn den tradisjonelle, og det kom overraskande på henne. Forteljinga kollapsa gong på gong, og ho var nødt til å gå mange rundar før sluttresultatet var klart. Sluttresultatet vart heller ikkje ei forteljing som nødvendigvis gjekk frå A til Å. Kjensla av at narrativet i boka går i oppløysing rett framfor augene på ein medan ein leser kan eg vitne om sjølv. «Du» er altså ei bok som krever ein svært trent lesar. Å kalle boka lettlest, som forlaget har gjort, er å skyte høgt over mål. Og er den eigentleg barnelitteratur? Sluttreplikken frå Ask, om at boka fungerte som lettlest for barn, men viste seg å vere for kompleks for vaksne (med eit stikk til vurderingsutvalget i innkjøpsordninga si «nulling») kan tjene som inngang til ein diskusjon om nett det spørsmålet. At born intuitivt forstår boka trur eg ein skal leite både selektivt og lenge for å finne belegg for.

Podcast som formidlingsmedium
Mellomleddet mellom boka og lesaren, formidlaren, fekk størst fokus mot slutten av konferansen. For med nye vendingar, enten dei er visulle eller orale, veks det også fram nye formidlingsformer. I ein av konferansen sine parallellsesjonar samtalte forfattarane Arne Svingen, Lisa Bjärbo og Johanna Lindbäck om podcasten som formidlingsmedium. Litt på sida av hovudtematikken altså, men likevel eit innslag som kunne føre til konkrete tiltak og nye praksisar. Difor var det også positivt at programkomitèen hadde valgt to podcastar med vidt forskjellig ambisjonsnivå. Svenske «Bladen brinner» blir publisert kvar fjortande dag. Den er kuratert som eit magasin, har tre innslag kvar gong, og har ei speletid for kvar episode på ein halv time. Bjärbo og Lidbäck får profesjonell hjelp på redigering og lyd, og dei har muligheten til å hente ut lønn på podcasten via sponsorinntekter. Dermed brukar dei også ein del tid på å jakte på det siste. «Svingens barnbokverden» er meir laus i snippen. Den er spelt direkte inn, og det vesle som er av redigering gjer Svingen sjølv. På utgiftssida fører han abonnementet på Soundcloud, og han bruker to arbeidsdagar på kvar episode, med ein episode i månaden. Som ivrig podcast-lyttar meiner eg det ligg eit stort potensial i dette mediet. Ikkje minst for dei biblioteka som har like store ambisjonar om å formidle innhaldet i samlingane som å kurse i korleis ein 3D-printar funkar. Med den kunnskapen som barne- og ungdomsbibliotekarar har over feltet sitt, har vi liten grunn til å vere redd for kvaliteten på det faglege nivået.

Temperatur
Dei som undervegs i 2017-utgåva av Stavanger-konferansen sakna temperatur fekk det heilt til sist. Då var tittelen «Barnebøker på barne-TV». Eit samstemt felt har der ropt etter satsingar frå NRK Super etter at SVT i fjor haust starta opp med programmet «Bokslukarna». Eit program som, viss vi skal tru programleiar (og bibliotekar) Marcus Biderholdt på det meste har hatt 130 000 sjåarar. Redaksjonssjef i NRK Super, Ingrid Hafstad, slo på si side kategorisk fast at ei tilsvarande satsing var uaktuell for deira del. Litteraturformidling var dårleg fjernsyn. Det sette fyr i salen, så då Vera Micaelsen repliserte at når ein ikkje har greidd å finne ut av litteraturformidlinga for barn og unge på over 20 år, ja, så har ein ikkje prøvd veldig hardt mottok ho både jubel og klappsalaver.

NBBK-logoDet er klappsalver som arrangørane av NBBK også skal ta til seg. Konferansen er blitt eit treffpunkt som heile fagfeltet sirklar rundt. Og forutan det tettpakka programmet, så forlaup dei postane eg var på utan tekniske problem. Så når det på evalueringsskjemaet vart spurt om eg ville komme tilbake om to år, så er svaret frå mi side: Vær trygg!