Stiller spørsmål ved arrangementsbølgen

KRONIKK: Nasjonalbiblioteket bør heller satse på å øke bibliotekarenes formidlingskompetanse, skriver bibliotekar og forfatter Lars Petter Sveen.

Sveen-Lars-Petter-aschehoug

Innlegget er skrevet av Lars Petter Sveen, forfatter og bibliotekar. Foto: Aschehoug.

4. januar presenterte Klassekampen et intervju med nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre. Samtidig intervjuet avisen bibliotekar og forfatter Lars Petter Sveen, som mener NB bør konsentrere seg om å øke formidlingskompetansen, og at satsingen på folkebibliotekene som debattarena og møteplass går ut over hovedmandatet. – Vi bygger en felles infrastruktur som frigjør ressurser til formidling i folkebibliotekene, svarte Sira Myhre.  

Bibliotekarforbundet presenterer her Sveens motinnlegg. Også Sira Myhres tilsvar vil bli publisert på våre nettsider. 

I Klassekampen 4. januar seier nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre at kritikken min av Nasjonalbiblioteket treffer dårleg. Men han seier ingenting om det eg etterlyser: Økt formidlingskompetanse i biblioteka.

I Klassekampen stod det at eg meiner Nasjonalbiblioteket blir «for mykje litteraturhus». Dette er feilsitering. Eg sa at Nasjonalbiblioteket burde stå i spissen for å auke formidlingskompetansen i biblioteka.

Eg er ikkje aleine om å meine dette. I Klassekampen 29. august i fjor skriv det litteraturpolitiske utvalet i Norsk Bibliotekforening noko av det same: «Å heve formidlingskompetansen blant bibliotekarer, vil være viktig for å skape et større engasjement for litteratur blant ulike målgrupper (…). I arbeidet med å gjøre bibliotekene mer attraktive (…) bør det derfor legges mer vekt på bibliotekarens rolle som formidler.»

Alle som arbeidar i folkebibliotek i Noreg, vil truleg seie at det er vanskeleg å løfte fram alle bøkene dei får inn på biblioteket. Men i motsetnad til bokhandlarane, er biblioteka lovpålagt å formidle alle bøkene som kjem via Kulturrådet. Det stiller store krav til bibliotekaren. Her kunne Nasjonalbiblioteket tatt ein meir aktiv rolle i å auke formidlingskompetansen blant bibliotekarane. Eit enkelt tiltak som etterutdanning av bibliotekarar i form av formidlingskurs arrangert av Nasjonalbiblioteket, burde vore sjølvsagt.

Når Myhre seier kritikken treff dårleg, ramsar han opp ulike tiltak Nasjonalbiblioteket gjer. Det ser bra ut, men han peikar ikkje på konkrete tiltak som direkte hever formidlingskompetansen til biblioteka. Det er bra at Nasjonalbiblioteket legg til rette for å frigjere ressursar i biblioteket og kjem med forslag til ulike arrangement. Men Myhre ser primært på arrangement retta mot brukarane. Han burde heller primært retta fokuset mot å styrke fag- og formidlingskompetansen til bibliotekarane. Det er dei som skal stå kvar arbeidsdag og formidle alle bøkene som finst på biblioteka. Bibliotekarane treng hjelp til å bli betre formidlarar.

Faksimile fra Klassekampen 4. januar.

Faksimile fra Klassekampen 4. januar.

Eg seier ingenting om at Nasjonalbiblioteket held på med einsretting, slik Myhre hevdar. Men spør du bibliotekarar i Noreg om deira forhold til Nasjonalbiblioteket, trur eg du i beste fall vil få ein del tomme blikk. Eg håper Myhre vil stå i bresjen for å styrke kontakten mellom folkebiblioteka og Nasjonalbiblioteket. Målet må vere at bøkene blir lest og lånt ut. Her har vi eit stort potensial i folkebiblioteka. Alle som har vore i ein god bokhandel eller eit godt bibliotek, veit kor mykje god formidling har å seie for kva bøker ein kjøper, låner og les.

Biblioteka utviklar seg, og framveksten av Litteraturhuset i Oslo har vore ein viktig inspirasjon og spark i baken for biblioteka. Men eg stiller framleis spørsmålet om debattar og arrangement kopla til politiske val høyrer heime i biblioteka. Er det rett prioritering at biblioteka skal starte med dette no? Eg meiner nei.

Debatten om kva som skal gå føre seg i biblioteka kan ikkje bli børsta bort fordi nokre arrangement har fungert midt i Oslo på Litteraturhuset, eller fordi nasjonalbibliotekaren talar om ein utvikling som har gått over fleire år. Utviklinga av biblioteka blir best dersom bibliotekarane får muligheit til å bygge kompetanse og utvikle seg som formidlarar. Dette burde vere Nasjonalbibliotekets store oppgåve.

Innlegget er tidligere publisert i Klassekampen 9. januar.